Høgtun = Fairtrade-folkehøgskule

Høgtun folkehøgskole har i mange år engasjert seg for ei betre verd, og i haust fekk skolen status som Fairtrade-folkehøgskule.

"Som ein relativt stor skole har vi på Høgtun mulighet til å vere med å påvirke norske ungdommar til å ta bevisste valg som forbrukarar", fortel Bjarte Grøteide, rektor ved Høgtun folkehøgskole. "Bedre kjennskap til utvalget og kvaliteten på Fairtrade-produkt er viktig i så måte. Dersom våre elevar kan lære å bruke Fairtrade-produkt her på Høgtun vil dei ta dette med seg når dei blir studentar og forbrukarar i voksenlivet", avsluttar rektor Grøteide engasjert.

Høgtun folkehøgskole forbrukar i dag fleire Fairtrade-merka produkt og har både te, kaffe, appelsinjuice, sukker og kakao i sitt Fairtrade-sortiment.

Eit anna krav for å bli Fairtrade-skule er å formidle at skulen jobbar for meir rettferdig handel. Skulen har hatt artikkel i bladet "Høgtunungdommen", under overskrifta "Høgtun blir mer bærekraftig". Her handla teksten bl.a. om at Høgtun var i ferd med å bli Fairtrade-skule. I tilegg arrangerte skulen eit loppemarked, som del av eit valfag om bærekraft, og her vart det også fokus på rettferdig handel.

IU gratulerer Høgtun for sitt arbeid for meir rettferdig handel! Skulen er den 18. Fairtrade-folkehøgskulen i Noreg.

 

Bilete: Diplommottaking: F.v. Edgar Fredriksen (leder i Folkehøgskolerådet), Laila Yttervik (kjøkkenleder Høgtun FHS) og Bjarte Grøteide (rektor Høgtun FHS). Fairtrade-produkt: F.v. Sigrid Lamvik (kjøkken/internat, Høgtun FHS) og Ellinor Hoem (kokk, Høgtun FHS)