Den glokale folkehøgskulen

Eitt av dei sju seminara deltakarane på Rektormøtet i januar kunne velje å delta på var seminaret «Den glokale folkehøgskulen». Her vart rektorane utfordra på korleis dei som leiarar kan bidra til å skape ei berekraftig utvikling, og om folkehøgskulane i Noreg kan samlas om eitt felles mål eller ei felles forplikting når det gjeld glokale (globale og lokale) utfordringar.

Ein nestor i norsk folkehøgskule, Olav Klonteig, har sagt at «danning handlar om å utvide horisonten utover det individuelle». På seminaret «Den glokale folkehøgskulen» såg me nærare på kva felles sentrale globale utfordringar neste generasjon går i møte, og kva ein eventuelt må lære meir om eller gjere annleis. Dette vart mellom anna illustrert i traileren til dokumentaren «Midway Island» og videoen til «Change the Rules». Det er mange utfordringar; deriblant konsekvensane av våre handlingar, haldningar, politikk og levemåte. Det er difor viktig å gå frå prat til praksis, og frå eg til me, for å skape ei berekraftig utvikling.

Ei undersøkinga  om ungdom og deira kunnskap om Nord/Sør og utviklingsspørsmål frå 2012, gjennomført på oppdrag av paraplyorganisasjonen for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), viste at norsk ungdom i alderen 15-24 år har mykje kunnskap om desse spørsmåla. Det dei fleste derimot ikkje ser er samanhengane mellom levemåte og politikk i Nord og fattigdom i Sør, og dei spurte la mest vekt på interne forhold når dei skulle forklare årsaker til fattigdom i land i Sør. Få var også villige til å redusere eigen levestandard, og berre 1 av 4 var einige i at dei tener på andre lands fattigdom.

Ungdom som går på folkehøgskule har altså ein del faktakunnskapar om verda, men treng meir kunnskap om kvifor det er så skeiv ressursfordeling og kva ein kan gjere for å bidra til ei berekraftig utvikling. Mange folkehøgskular er opptekne av desse spørsmåla, men mange legg nok for mykje vekt på bistand som eit handlingsalternativ. Når ein ser på pengestraumane mellom fattige og rike land, så utgjer bistand ein svært liten del (jamfør Change the Rules-videoen). Det er difor meir avgjerande for utviklinga i verda å sjå på f.eks. handelsforhold, gjeldsspørsmål og konsekvensar av bruk av skatteparadis.

Her er det eit stort potensiale for folkehøgskulane til å vere pionerar på feltet, og ta tak i dei grunnleggjande årsakene til fattigdom. Rektorane vart utfordra på om folkehøgskulane kan kome fram til eit felles mål/ei felles forplikting for å bidra til å skape ei betre verd for alle. Rektorane som deltok på seminaret var positivet til eit slikt forslag, og det kan også vere ein måte å marknadsføre skuleslaget, og vise kva danningsfokus folkehøgskulane i dag har. Kanskje kan eit felles glokalt mål tydeleggjere folkehøgskulane sine verdiar overfor styresmaktene og politikarane? IU vil jobbe vidare med denne ideen og prøve å finne eit felles mål folkehøgskulane kan einast om, og som ein kan jobbe seg fram til gjennom ulike handlingsalternativ. Til dette arbeidet kan IU også hente idear og verktøy frå det nordiske Nordplusstøtta prosjektet «Glokale omstillingssenter – folkehøgskulen som arena og aktør», kor det i løpet av våren blir utarbeidd retningslinjer for folkehøgskular som ønskjer å vere eit glokalt omstillingssenter.