Elevinitiativ for lokalsamfunnsarbeid i Ørsta

Etter inspirasjon frå Stavern folkehøgskule si «Lavforbruksveke» fekk Adventura Afrika-klassen skuleåret 2013-14, på Møre folkehøgskule, i oppgåve å klare seg i ei veke med minst mogleg forbruk av vatn, mat, strøm kle osv. Elevane vart svært engasjert, og dette resulterte i at valfaga «eldrebølgen» og «flyktningehjelpen» kom i gang same skuleår.

Lærar på linja Adventura Afrika, Tor-Erik Moen, deltok i 2013 på Internasjonalt seminar i regi av Internasjonalt Utval for folkehøgskolen (IU) kor temaet var global læring og gode deltakande opplegg. Her fekk deltakarane blant anna høyre om «Lavforbruksveka» på Stavern folkehøgskule, noko som inspirerte Tor-Erik til å prøve ut eit tilsvarande opplegg for klassen sin. – Elevane var med på planlegginga, gjennomføringa og evalueringa av veka, fortel Tor-Erik. – Sidan me skulle klare oss utan strøm, diesel, utstyr og andre forbruksvarar vart elevane svært kreative når me skulle finne ut kva me skulle gjere i form av undervisning. Ein av elevane lurte på om me kunne besøke eldresenteret i Ørsta, 5 minuttars gange frå skulen. Det ende opp med at me besøkte to avdelingar, der me leste dikt og song, fortel Tor-Erik med eit smil.

I etterkant av denne veka var det ein liten kjerne i klassen som fortsette å besøke eldresenteret på eige initiativ. Ein annan lærar på skulen, Jørn Brente, vart inspirert av elevtiltaket og tok initiativ til valfaget «eldrebølgen». Han kontakta venner og kjente i området og brukte lokalavisa for å få ut informasjon om at skulen hadde eit valfag der elevane drog ut for å besøke, prate med og hjelpe eldre som budde aleine.  – Dette spant vidare til at me også sette i gang valfaget «flyktningehjelpen», der nye landsmenn i bygda fekk kome på skulen, sosialisere seg og vere i lag med elevane, fortel Tor-Erik.  - Dei gjekk også  turar i lag og drog på besøk til kvarandre i mindre grupper, og erfaringane var gjensidig gode, legg Tor-Erik til.

Tor-Erik opplevde at klassen sine tiltak og valfaget var eit godt bidrag inn i lokalsamfunnet, samtidig som elevane fekk ekte og gode erfaringar i det å sjå seg om å vere ei støtte for nokon som kan trenge det. – Å setje i gang slike tiltak er lite ressurskrevjande og har mange positive effektar, både for lokalsamfunnet, skulen og elevane, avsluttar Tor-Erik.