Meir synleg i samfunnsdebattar

Korleis kan folkehøgskulen verte meir synleg i samfunnsdebattar? Éin veg å gå er å delta i avisdebattar, både i papirutgåver og på nett, men det er ikkje alltid lett å kome gjennom nålauget til dei store avisene. Difor arrangerte Internasjonalt Utval for folkehøgskulen (IU) nyleg skrivekurset «Frå idé til tekst –for globalt engasjerte folkehøgskuletilsette». På kurset fekk deltakarane både nyttige tips og råd, og kom i gang med skriving av eigne kronikkar.

Som eit resultat av fagfelleprosessen til IU skuleåret 2012/13 vart det sett fokus på ønsket om at folkehøgskulen skal bli meir synleg i samfunnsdebattar, då særleg dei som omhandlar globale tema. For å verte meir synleg må ein kunne skrive godt om ei aktuell sak, og vite kva som skal til for å kome på trykk i dei større avisene.

Korleis ein får tekst på trykk

Erik Tornes, debattleiar og konstituert debattredaktør i Aftenposten, starta dagskurset 28. november på Folkehøgskulekontoret. Tornes hadde ein informativ og konkrekt presentasjon om korleis Aftenposten tenkjer og jobbar med kronikkar og debattinnlegg, og kva ein som avsendar bør tenkje på når ein ønskjer å få ein kronikk eller eit innlegg på trykk.  I tillegg til sine «Ti bod» (sjå faktaboks), fortalde Tornes at Aftenposten ønskjer variasjon, både nå det gjeld type innlegg (litterært, faglig eller debattinnlegg) og kven avsendaren er. Tornes la også vekt på at det er mange gode kronikkar Aftenposten diverre ikkje får trykke på grunn av plass (om lag 10 av 100 kronikkar kjem på trykk kvar dag, på nett og i avis), og at ein ikkje må stoppe å sende inn kronikkar sjølv om ein får eit avslag. Aftenposten ønskjer spesielt innlegg frå kvinner, unge og eldre menneske, studentar og folk frå distriktet; altså «vanlege» menn og kvinner utanfor Oslo. Her bør folkehøgskuletilsette stille sterkt!

Ver deg sjølv

I tillegg til godt språk, god tittel og ingress, er det viktig å få fram «eg»-stemma i teksten og dele anten personlege erfaringar eller kome med gode døme som er med på å få fram bodskapen i teksten. – Ein kan til dømes ikkje skrive om NAV utan å inkludere personlege historier som får fram poenga i saka. Det er ofte personlege kronikkar som set i gang debattane, fortalde Tornes, og la til - Men det er viktig å kombinere det personlege med det faglege. Deltakarane vart også åtvara mot å bruke sarkasme og ironi, men å gjerne skrive med eit «glimt i auget» samtidig som ein har ein sakleg og konstruktiv tekst.

Frå idé til tekst

Etter lunsj var det tid for å ta tak i tekstideane til deltakarane, og ta i bruk dei gode råda og tipsa frå Tornes. Deltakarane jobba fyrst individuelt med sin idé, og deretter i grupper kor ein kom med tilbakemeldingar og venleg kritikk til kvarandre på det ein hadde fått skrive så langt. Fleire av deltakarane klarte i løpet av på den korte tida å laga ein disposisjon, og kome med fleire viktige og gode argument i teksten sin.

Tilbakemeldingane var at det var eit godt og lærerikt kurs, kor ein fekk fleire nyttige tips og råd. Det er også positivt å ha møtt debattleiaren i Aftenposten, så kanskje det er litt lettare å sende inn innlegg. Det kom også inn forslag om å arrangere ei ny samling på eit seinare tidspunkt.

Det er alltid mange aktuelle og viktige globale saker  å ta tak i, og i tida framover håper IU å sjå fleire kronikkar skrivne av folkehøgskuletilsette, i både regionale og lokale aviser!

 

Ti bod for ein debattant som vil fram i verda v/Erik Tornes, debattleiar i Aftenposten

1. Du skal tenke gjennom nøyaktig kva du vil med kronikken. Kva skal den føre til?

2. Du skal vite kven du skriv kronikken for og tilpasse språket og forma etter det. Adresser kronikken slik at ein person eller institusjon kjenner seg forplikta til å svare.

3. Du skal skrive for den alminnelege avislesar, og ikkje tenke på dine kollegaer, institusjonen, Forskingsrådet, departementet, oppdragsgjevar eller styresmaktene.

4. Du skal ramme inn kronikken med ei konkret historie eller eit relevant døme, slik at lesaren forstår korleis dei viktige prinsippa eller abstrakte tema du skriv om er forankra i levande menneske og konkrete saker.

5. Du skal skrive personleg, bruke «eg» i staden for «me» og gje teksten ei tone og stemme.

6. Du skal la vere å bruke fagterminologi, framandord som ikkje forklarast, og vise til faglitteratur.

7. Du skal tenke journalistisk og skrive ein god tittel, helst utan spørsmålsteikn, ein god ingress på tre linjer som vekkjer nysgjerrigheit eller presenterer konklusjonen din, og ca. ti mellomtitlar. Du skal leggje ved eit godt fargefoto og tre linjer om deg sjølv.

8. Du skal finne ein «knagg», ei hending, som gjer kronikken aktuell for ei avis.

9. Du skal berre sende til éi avis om gangen, og be om å få svar frå redaksjonen i løpet av maks tre dagar.

10. Du skal be om å få tilbakemeldingar på det du har skrive før det vert trykt.